01.02.2010

Husmorferie



Gjerdsvik-luft gjer godt. No har eg vore her ei veke allerede. Husmorferie kan virkelig anbefalast! Men jeg savner gutta mine! Snø er det begge stader så det kjem eg ikkje unna uansett.
Har vore ei kjekke veke der eg har fått treft masse kjentfolk, både familie og venner.


Vart so inspirert av jentene på klubb at eg har både strikka og hekla. Sjå den fine "huå" mi, heimelaga. Og no har eg satt igang med stor prosjekt, eg skal strikke genser! Er allerede godt i gang med erme nr 2. So no skal det bli fart i handarbeidet i Oslo klubben også! Eg har fått masse tilbakemeldingar om bloggen, det er veldig kjekt!


Formen er bra etter forholda. Dette var "gode-veka" mi, og eg har gått med sommarfugla heile helga og "grua" meg til mandag - MEN ingen cellegift denne mandagen. Hurra!!!
Så no må eg smøre meg med tolmodigheit - noko eg ikkje har fått utlevert - og kome meg i form igjen etter eit halvt år på sofaen.
No skal eg ut på spark-tur!

1 kommentar:

  1. Hua e kjempefin!! -angra nesten på at eg ikkje hekla turkis rose på mi.. Du er DET handarbeidstalentet du!! Gler meg til å sjå fortsettelsen (gensaren). Takk for koselig besøk!

    SvarSlett